søndag, juni 03, 2007

Søndagstur på Herlige Godøy!:)

Denne helga har vi hatt eit fantastisk ver, med strålande sol og nesten ikkje noko vind. Vi har nytta høvet og trimma vogna og rusla rundt på Herlige Godøy!


Her er vi oppe og ser på tomta vår, midt i byggefeltet Kristiantun.
Vi gler oss veldig til å få begynne å bygge på vårt eige hus!:)


Den første grunnmuren har kome på plass, og tomta vår er den som ligg rett framom, nedi skråninga.


Vidare på turen plukka vi opp Stine og Prins, og vi stoppa hos Frode aka Baldo, som nett hadde kome frå sjøen. Han hadde kasta seg over plenklippinga med mot i brøstet, men stålet i trøtte bein og armar var glade for ein pust i bakken trur eg;)


Gleda var stor når vi plutseleg skimta Carina med tvillingvogna borti gata!


Hans Marius og Kristoffer var med på trilletur.


Eg og Prins trivdes godt i uten sko.


Det kunne sjølvsagt verte litt kjedeleg i lengda, å berre gå på vegen, so då kunne ein avstikkar nedi høge graset vere ei kjærkomen avveksling!


Vi fann dei NESTEN ikkje att, men berre nesten;)

Ingen kommentarer: