søndag, juni 22, 2008

BÆÆÆÆÆ!!!!!!!

Slik kan guten vår stå i lengre periodar av dagen, og undre på om saudane på marka har lyst på ei grovskive eller to...

Etter å ha ringt bakeriet og bestilt ein pose med godsaker...

... er det ut for å mate dei stakkars dyra som berre står der og gnafsar på det kjedelege graset heile dagane.

Benjamin kan kunsten å lokke saudar. "BÆÆÆÆÆÆ!!!!!!!!!!!!!!!!!!"

Og dei let ikkje seg be to gongar!


















Farmor klarer etter nokon timers overtalelse å få guten med inn igjen. Eg mistenkjer lokkeordet "is" for å vere det avgjerande verkemiddelet...

3 kommentarer:

Gry sa...

Så fantastisk morsomme bilde:) Ikkje verst å ha sauda til nærmeste nabo... det he ikkje oss desverre;)

Kai H sa...

Hehe, ja dessa saudane e virkelig en attraksjon....

E no berre å flytte heimjen det Gry, so fær du sauda på alle kanta!! :D

Per Oddvin Stornes sa...

Morosamt!
Tenkte å ta mej tur ut på kaffi en dag:)