mandag, juli 07, 2008

Olden!

Denne helga var vi ein dagstur til Olden, for å besøke oldemor og oldefar. Mi tante Mariann og onkel Geir, og søskenbarn Kristian var også der. På tross av at Benjamin egentlig ikkje var heilt i form, so var det mykje moro på garden i Olden.
Her kjem nokre glimt frå turen!

Farfar tok med Benjamin opp på låven der oldefars traktor stend,
og det var sjølvsagt ein suksess!

Traktorar er tydeligvis veldig engasjerande...

...for ung OG ga.. eh, eldre!







Sjølv om det kan sjå slik ut på dette biletet, so var det alt anna enn enkelt å få guttungane ut av traktoren, men kanskje var det det fine veret som fekk lokka dei ut av fjøsen..?

Gagga, eller tante Stine som ho også kallast, og mi tante Mariann, fungerte (?) som fleire andre som barnepassarar medan mamma Lisa tømde lagerutsalget på Skogstad...

Men desse to såg ut til å trivast i kvarandre sitt selskap, so det gjekk heilt fint.

Den stolte far, og den enda stoltare sonen med den nye drakta si!
(Ikkje prøv deg Mr. Malaysia 2008!;)

Framtida er spikra.
Den nye spissen er klar!

Don't even think about it, Ramon Calderon!


For å summere opp litt;
Vi fekk som vanleg ein fortreffeleg middag, med påfølgjande dessert og kaffi/kaker,
takk til oldemor, og kjøkken personalet ikkje minst!
Benjamin fekk "køyre" traktor OG han fekk seg United-drakt.
(til en smule overpris, takk til URUTINERTE Gagga
som tydeligvis aldri har pruta med gateseljarar..)
Eg og brudern fekk lagt igjen litt cash på Moods of Norway.
Lisa fekk lagt igjen resten på Skogstad...
Vi hadde med andre ord ein kjempefin tur til Olden.

2 kommentarer:

Frode sa...

Ej meina berre at det e litt synd at så unge sjele blir skada so tidlig. Ej håpe han blir mammadalt heilt til han fær vet slik at onkelen og farfaren smila tilslutt...hehe..gullet til onkel!!!!

Melina och Mathea sa...

Hå hå,tuffe traktor ja,Melina blev så impad av tuffe, herlige go å gla-kexchoklad-gutten Benjamin!!:-)