torsdag, januar 15, 2009

Jula 2008 - del 1

Hei hei alle saman!
Ja, vi har lagt ei hektisk tid bak oss,
og blogging har nok ikkje vore heilt mogleg av fleire grunnar, dessverre.
Dette vil nok ta seg oppigjen etterkvart,
men her skal dykk få ein liten forsmak:)

På julehandel, saman med tante Stine.


Saman med pappa, onkel Trond og farfar på tur til Nordfjordeid på førjulsbesøk!
Juletrepynten på ferga vart godkjent med glans
av den noko uatoriserte inspektøren på biletet...


Onkel Trond måtte bite i det sure graset i første omgang, men eit rusk i auget på motstandaren sørga for knepen seier til lillebror i den andre fartsfylde matchen.


Den søte voffen med det klingande namnet Saiko!


Benjamin og Saiko diskuterer finanskrisa over ein matbit.


Her er det oldefar som instruerer i bilbanekonstruksjon.
Vi snakkar om lag 40 års erfaring med montering, justering og optimalisering.


Benjamin lyttar ivrig til sin læremeister, og viser stort engasjement og lærevilje.


Farfar hjelper til med det han kan. Nokon må sørge for at det ikkje blir tjuvstart!


Oldemor sjekker at Benjamin har hugsa å låse garasjeportane etter seg.


Kristian latar som han er vaksen og simulerer kaffedrikking, medan Benjamin ambisiøst som få insisterer på å parkere sementbilen i sportsbilgarasja....


På tur med farmor og farfar på bondegården.
Storsvært å få sitje på lilletraktoren!


Den har til og med tilhengar, ein viktig attributt!


Tre timar seinare....


Som innflyttingsgåve, innflytting nr 2 i november, fekk Benjamin denne flotte traktoren.
Legg merke til det fantastisk oppstilte bildet,
og smilet som kom på kommando vil eg betegne som "priceless"!


Ein forventningsfull gut på nyttårsaftan, hjå farmor og farfar.


Eg har fleire bilete på lur, frå jula og nokre frå 2-års-dagen,
so stikk gjerne innom igjen, so skal eg gjere mitt beste
for å få lagt dei ut i løpet av dei nærmaste dagane!:)

Benytter også anledninga til å ønskje alle trufaste
og også tilfeldig forbipasserande
eit riktig godt nytt år!

PS:
I løpet av 2008 viser statistikken heile 10772 besøk på bloggen.
2128 besøkjande frå 49 land har bladd i sidene her 21325 gongar...
Dette er mildt sagt skremmande...
Og dersom besøks-frekvensen held seg opp,
bør eg vel kanskje skjerpe meg litt og faktisk tilby
dei som er innom litt hyppigare oppdateringar;)



4 kommentarer:

Melina och Mathea sa...

Oj..ingen dålig statistik,ja då kan du känna pressen på dig!
Söta bilder som alltid!
Gött nytt år!
Likte Asbjörn-fjeset på Benjamin när han stod vid det lilla juletreet;-)
Klem fra oss!

Stine sa...

Hahhaa, priceless oppstilt bilde! Der minte han mej om et bilde av dej når du va liten kai henrik :p

Anonym sa...

Omlag 30 års erfaring kan nok rettast til snart 40 års erfaring - dessverre....

Kai H sa...

Motteke, Hr.Anonym. Det vil bli retta opp, so klart, faktafeil i bloggen er noko eg er svært oppteken av å unngå!