onsdag, august 11, 2010

Sommer 2010 - #3




Denne posten vil eg åpne med eit solnedgongsbilete.
Klokka var ca 21.15, og det er ei stund sidan vi mista sola på Godøy-sida,
men før ho dukkar ned i havet kasta ho nokre siste strålar
innover mot Ålesund.
Fredfullt og fint, tykte eg...


Kassebilen som knuste all motstand i løpet 17.mai
har også vore ute av garasja i sommar. Stor stas;)


Plass til fleire her!


Slik har det vel ikkje sett ut på gradestokken vår
so altfor ofte i sommer...


Men Jonathan er klar for piknik i fineveret!


Sjå her kor flink eg har vore og ete opp nesten heile skiva mi!


Sjå her kor flink eg har vore og ete opp nesten heile bananen min!

Dei som trur dette er den einaste isen som har smelta
i desse små barnefingrane denne sommaren, må tru omatt..


Ole Brum må sjølvsagt også få sjå Barne-tv!


Mjuk og god å kose på er han og.


Jonathan tek ansvar og vaskar stuegolvet.


Vi passa mammas kanin, medan morfar var på ferie.
(Bra setning, som eg ikkje tek meg tid til å utdjupe..)


Onkel Trond kom innom for å henge litt,
før han reiste vekk på ferie han og.


Jaudå, pappa har fått seg nokre få turar utpå bøljan blå.
Ikkje alle dagar var så fine som denne!


Husets Brannsjef!


Blid fyr, no også utørst.


Jonathan har slått seg ned ved denne forvokste Tujaen...


På leikebutikken traff vi denne gubben av ein Legomann.
Sikkert lurt å stikke av...



Vi fekk også ein tur på Sommerfestivalen på småbåthavna på Godøya,
der var sjølvsagt Elias og tok Benjamin med på ein liten tur!


Rundar av for denne gong med eit bilde av
Sjefs-Beach-Entreprenøren Jonathan Brynestad.
Vi får håpe på fleire slike dagar neste sommar heller...


No skal vi ta oss ei langhelg i Bergen, nærmare bestemt besøke
onkel Frode, tante Agnete og Margrete ute på Sotra!
Vi skal også helse på tante Stine, og dersom vi er heldige får vi besøkt
pappas onkel Knut Helge m/fam også!

God Helg! :)

Ingen kommentarer: