søndag, januar 06, 2008

Diverse frå jula


På sjølve julaftan våkna Benjamin med 39 i feber, og var ganske sløv.
Langt ifrå seg sjølv kan du seie..
Etterkvart steig den til 40,3, og stakkars guten var heilt skutt.
Gjekk igrunn glipp av det meste av sin første julekveld..!




Han henta likevel fram uante krefter, og fekk kravla seg bort til det store rare glitrende treet som plutseleg stod borti kroken!


Litt C-vitamin må vel hjelpe, tenkte han, men var ikkje heilt klar for å gidde å vente på at ho mor skulle skrelle den...





Kva kviskrar morfar til Benjamin??
Røper han julegåva eller?
Det fekk vi aldri vete...


Korleis skulle eg no angripe denne greia her?


Etter eit par slakke dagar kom guten til sitt blide sjølv igjen!




Julekake med sjokolade, NAMMMM!!


Julemiddag? Essa, gi meg eit eple å gnafse på!


Onkel Frode får smake..


Og til gjengjeld...


Hjelper han meg å tukle med cd-spelaren!;)


Mormor Margareth synest eg er søt!


Ka det va? "Ikkje rør lampen"??


Eg skulle berre skru av lyset! Hehehe


Og med dette fantastiske stjerneskuddet ønskjer eg og morfar alle eit strålande nytt år!

Ingen kommentarer: