tirsdag, januar 22, 2008

Litt frå første bursdagsfeiringa!

Her er det tante Godtepose som har krona Gratulanten, sjølvsagt mot si vilje, som bildet viser.. Alt for fotografen! (som ikkje klarte å ta eit tydeleg bilde da men..)

Bilmekking på høgt nivå!

Fekk ikkje berre bilar, men og litt sånn intelligensfremjande leiker.

Når Leitebakkbesten kjem er det alltid moro på gang.

Tante Stor Ferdigplukka Godtepose På Kiosken Takk hadde gått saman med sin bror, onkel Trond, og kjøpt ei kjempeambisiøs gåve!
Her ser vi at ho har visse problemer med å setje saman "dingsen", men det er sjølvsagt vanskeleg å innømme at ein sit fint i det.


Etter å ha brukt opp alle hjelpemidla, ringt ein ven, 50/50 og spør publikum, orka ikkje Benjamin å vente lenger. Eg meiner bestemt eg oppfatta ordet "FNATT", før han tok saka i eigne små lubne hender!


Då vart det raskt andre bollar, men når morfar såg den utruleg flotte gyngehest/speledåse/tivoli-saken, vart han nesten meir søsen enn Benjamin og ville helst prøve først...

Drylå fekk sneke seg til ei posering, som om det liksom var HO som bygde hesten.. Ja det er faktisk det, IKKJE ein grøn paraply.


HEILT til slutt fekk endeleg hovudpersonen gå til angrep på den fargerike Hesten type "gynge(?)", med raude sko og to lydnivå; "høgt" og "UTRULIG høgt".

Takk kjære søsken:)

Ingen kommentarer: