søndag, mars 09, 2008

Ny Båt!

Til no har bademiljøet vore prega av diverse rare dyr med hol i nasen, samt andre effekter som eit baderom kan tilby av interesse for ein liten nysgjerrigper.
Det var altså på tide at båten kom på plass, slik guten får eit litt meir utvida perspektiv på kva vatn kan brukast til.

Bilane køyrer på vegen, båtane på havet. Motorlyden kom raskt, allereie før eg rakk å introdusere den. At den nye yachten høyrdes ut som ei tresnekke er berre snakk om mindre justeringar, dei kjem nok med tida.

Ein tydeleg stolt reiar viser fram den flotte skuta, som forøvrig ikkje var vanntett...
Eg får skrive til produsenten...





Ingen kommentarer: