lørdag, juni 21, 2008

No er det lenge sidan sist gitt!

Eg har motteke klar beskjed om å ta meg saman på bloggefronten, og det er fullt fortjent!
Det har vore rimeleg hektisk i det siste, so eg har rett og slett ikkje teke meg tida til å setje meg ned og leggje ut nye bilder av gromguten vår..
Eg ser av statistikken at det er mange trufaste som er inne fleire gongar i veka, og må skuffande nok konstatere at det er samme bilda som ligg der som dagen før...

Her er ein liten smakebit, so lovar eg å få lempa ut bilder i løpet av morgondagen, ÆRESORD! ;D

Benjamin veks stadig, og er ein energisk, sprudlande, blid, viljesterk liten hardhaus.
Vi har det mykje moro i lag, men det er faktisk blitt vanskeligare å få tatt bilder også, då han fyk rundt som ein propell heile tida...
Det blir lengre mellom blinkskota, som var litt enklare då han låg i ro på golvet som baby...


Ingen kommentarer: