fredag, september 26, 2008

Buldring på bondegården

Etter middag liker Benjamin godt å vere ute og leike seg.
Då bruker vi ofte å ta ein tur borti Austnes, der det er mykje spanande!
Der har dei kyr, hest, kaniner, høns, moskusand, hunder, kattar, griser og ikkje minst; traktor!
Eg har ikkje vore flink å ta med kameraet,
men knipsa desse med mobilen ein dag vi var borte og helste på pus.

Benjamin var litt fornærma på pusen, som sto oppe på steinane,
so han tok like gjerne og klatra opp sjølv.
Pappa var ganske imponert over klatreferdigheitene,
for han kom seg opp heilt ved eiga hjelp! ;)






Ikkje verst for ein liten krabat i litt for stor utedress! :)

Ingen kommentarer: