søndag, januar 18, 2009

Jula 2008 - del 2 : Julaftan!


Med tanke på at vi heldt på og styra med siste rest av innflyttinga til kl 02 på lillejulaftan,
var det bra gjort å i det heile teke kome seg opp denne morgonen...
Men det var ein av oss som hadde sove lenge og var klar rimeleg tidleg,
so då var det berre å ramle fram og lage til frukost!
Men det var ein koseleg seanse det,
so vel verdt å kjempe seg ut av køya for:)

Utpå føremiddagen køyrde vi på Valderøya for å ete middag saman med
morfar, mormor, onkel Frode, tante Agnete og tante Annalena.
God stemning!

Tendensar til litt utålmodighet var det, men...

...det stoppa vi effektivt med "proppa"!
Det trikset er fullt lovleg når det er snakk om å få ete julemiddagen i fred;)

Karane oppstilt, sporadisk, men oppstilt..

So var det tid for juletregang, eller rettare sagt juletresprang..?
Benjamin drog med seg onkel Frode nokre runder rundt, og det var stor stas!

Full fart!

Men kondisen var så som så, og onkel måtte gi tapt...!

Skikkeleg tapt!
Høyrde eg krampe?

Benjamin syntes det var synd at onkel måtte gi seg,
men ba han høfleg om å hute seg utav vegen...

...for HAN var ikkje ferdig!;)

Etter et par hundre runder var det nok, og tida var inne for å åpne pakkane.
Men det får bli i neste innlegg...;)

Ingen kommentarer: