søndag, september 13, 2009

Sandkasse!

Ein kan vel trygt kalle dette ein grå dag..
Ein kubikk med sand ligg på plenen og ventar,
og på terrassen er ramma på 2x2m nesten klar..


Vi hadde lovd Benjamin ei skikkelig sandkasse når vi flytta i hus,
so det var på høg tid å setje igong!

Det vart eit rimeleg solid byggverk til slutt,
men eg trongde ei hjelpande hand for å få på plass herlegheita!

Onkel Trond var ikkje vanskeleg å be,
so han slengde matteboka i golvet,
tråkka søndt støvlane,
gløymde igjen hanskar,
og kom fykande for å hjelpe til
i den avgjerande sluttfasen av prosjektet.

Med singel på plass, og ei dreneringsmatte,
var det klart for sanden...


Dette er to sletna karar, som har kjempa opp
ein kubikk med sand frå nedste plenen,
opp den bratte skråninga, og vidare heilt oppi
det som etterkvart blei ei sandkasse...!


Ein kan ta seg tida til nok ein positur då,
etter ei velgjort arbeidsøkt i regnveret;)


Når sola kom fram kom også brukarane.
Morfar er med og testar ut!


Ein må vel kunne kalle dette ein suksess!:)

1 kommentar:

Stine sa...

Stolt tante, storesøster og lillesøster :)