Hei hei!
Eg nyttar høvet til å drage fram eit godt brukt uttrykk;
"Betre seint enn aldri"
eller som ein kamerat sa det ein gong, "...aldri seint..."
Julaftan 2009, og Lisa slo til med heimelaga dekorasjon!
Treet vart litt mindre kjøpesenteretglorete enn i fjor.
Den kreative kona laga også utelykt, ganske fascinerande!
Eg tok dessverre ingen gode bilder, men dei eg har
fortjener likevel å kome med her...

Ser no vel koseleg nok ut:)
Tante Annalena var sjølvsagt henta heim
frå Oslobygda for å feire saman med oss.
Jonathan, mann for sin hatt.
(Benjamin sin då men...)
Tante Stine var sjølvsagt også på plass for å klemme og kose.
Onkel Trond og Benjamin sjekker at julegåvene er der dei skal vere.
Husvertane, medan dei enno hadde energi til å smile til kamera!
Mormor og Jonathan:)
Godgliset!
Lettare forskrekka?
Etter ei ventetid som sannsynlegvis var tilnærma uendeleg,
var det på tide å speide etter julenissen...
Og han dukka etterkvart opp!
Kjærleg velkomst fekk han og..
Eg veit ikkje kven som var mest skeptisk...
BRANNBILEN som Benjamin hadde sikla på i månadsvis!
Det vart mykje gåver på eldsteguten,
og han hadde fullt opp med å pakke ut!
Det var mykje fine gåver, og entusiasmen var tidvis gnistrande.
Hurra!
Her er ein som var strålande fornøgd
med gåstolen han fekk av mormor.
Etterkvart som klokka hadde gått nokre runder utover kvelden,
starta vi å merke at dette ikkje hadde vore
ein heilt vanleg dag i Casa de la Brynestad...
Men tante Kos og Tante godtepose hadde si fulle hyre med
å montere verktøybenken som Benjamin hadde fått.
Dei gav seg ikkje før dei var ferdige, so då vi stod opp
dagen etter sat dei der enno og grubla...
Romjula gav rom for enda meir hygge.
Her er vi på besøk hjå morfar.
Onkel Frode og Benjamin koste seg med Playstation.
Mamma ville og vere med.
Snøen kom, og onkel Trond og tante Stine kunne ikkje vente
med å gi bursdagsgåva til Benjamin.
Pappa er parat som IT-support.
Mor og Junior 1 tek ansvar i snøkavet.
Legg merke til at Benjamin køyrer bil, og
det er ikkje ein brøytebil...
Og det lava ned...

Onkel Frode spelar luftgitar.
"Fender Benjamin"

Nytt år på gang!
Stjerneskotgjengen!
Søstrene stjerneskot leikar seg.
Kva er det dei seier, "små barn store gleder!"?
Jepps!
10.januar fylte storeguten vår 3 år.
Vi laga den tradisjonsrike tog-kaka.
Og 3 lys vart blåst ut med promp og prakt.
Etter ei knallhard ykt med måking oppe hjå farfar,
kunne kjelken takast i bruk i oppkjørsla.
Med vekslande hell.....

Kongen av snømåking!
Eg nyttar høvet til å drage fram eit godt brukt uttrykk;
"Betre seint enn aldri"
eller som ein kamerat sa det ein gong, "...aldri seint..."



Eg tok dessverre ingen gode bilder, men dei eg har
fortjener likevel å kome med her...



frå Oslobygda for å feire saman med oss.

(Benjamin sin då men...)







var det på tide å speide etter julenissen...





og han hadde fullt opp med å pakke ut!



med gåstolen han fekk av mormor.

starta vi å merke at dette ikkje hadde vore
ein heilt vanleg dag i Casa de la Brynestad...

å montere verktøybenken som Benjamin hadde fått.
Dei gav seg ikkje før dei var ferdige, so då vi stod opp
dagen etter sat dei der enno og grubla...

Her er vi på besøk hjå morfar.



med å gi bursdagsgåva til Benjamin.


Legg merke til at Benjamin køyrer bil, og
det er ikkje ein brøytebil...



"Fender Benjamin"

Nytt år på gang!


Kva er det dei seier, "små barn store gleder!"?


Vi laga den tradisjonsrike tog-kaka.


kunne kjelken takast i bruk i oppkjørsla.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar