
Det var ein strålande fin kveld å feire jonsok på Leikeplassen,
sjølv om sjølve plassen var ein smule prega av
knallhardt dugnadsarbeid den siste tida.

Det har i allefall vorte mykje større plass,
og vi samla oss i enden for å grille og kose oss.

Grillmeister Holmen og Pølsesjef Trond.

Elise var ei av mange som freista å vinne hestesko-konkurransen...

...men sjølv om motiverande tilrop skapte stor stemning..

...var det til slutt hesteskokongen Trond som stakk av med sigeren,
etter at den kanskje farligaste motstandaren Kai H hadde tabba
seg ut allereie i innleiande runde....!

Benjamin var dommar og skohentar.

Her har vi to som konkurrerte i sjokoladespising!

Det gjekk ganske vilt føre seg, og
konkurrentane fulgde nøye med på kvarandre!

Jonathan prøvde å sjarmere publikum med generøsitet...

Alt i alt vart det vel relativt uavgjort...

Ikkje all sjokoladen traff der den skulle...!

Ivrige deltakerar stiller opp for potetløp!

Rutinerte foreldre instruerte i teknikk og taktikk.

Det var ein Piccolin som stakk av med sigeren,
bokstavelig talt. Han var so kjapp at fotografen ikkje rakk
å få med målkryssinga!

Ein fin liten gjeng kosa seg i fineverskvelden.

Til slutt tok vi turen ned på småbåthavna for å sjå på bålet,
som vi med hogsten vår hadde vore sterkt bidragsytande til;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar