torsdag, februar 09, 2012

Førjulstid og anna snask


Endeleg ein morgon var tida inne,
grøfta vår skulle få ny drenering!

Benjamin haldt nøye oppsikt med arbeidet.


Jonathan var ikkje nøgd med resultata
etter inspeksjon, og bestemte seg for at
skal det verte gjort skikkeleg, måtte han
berre gjere det sjølv...


Då grøfta var ferdig tok han like greit fatt
på rydding av ved i garasja.
Arbeidskar av rang dette folkens!


Kos med varmt badgolv.


Litt lita den kappa der, Supermann?


Reine og kjekke gutar!


Jonathan vaktar Benjamin sin siste duplo-kreasjon.


Her har han fått dispensasjon til å
leike litt med pappa si Lego mobilkran!


Det er kun mangel på "spesialdelar" som kan stogge
denne kreative typen frå å pøse ut med flotte byggverk!


Pompøst kanskje, likefram imponerande!


Rockestjerna vår vil veldig gjerne oppgradere,

... men først må han trene på uttrykk, image og haldning...

Der ja! Framgang...

Lunken respons frå publikum?
Ingen sak, trikset er å applaudera seg sjølv!


Advent, og minstemann sin tur å tenne ljos.


Juletrepynting adekvat akkompagnert av The Voice 2030...


Benjamin prøvepyntar på seg sjølv,
før glitter og stas får sin plass på treet.


Og det er nøye gjennomtenkt, skal eg love dykk!


Sofakos med tante Stine og onkel Raymond.


Fotografen fangar opp ein harmonisk augneblink.


Slik kan det gå når kreative karar får fritt spelerom..


Slik kan det gå når ein feilvurderer avstanden til stovebordet,
særskilt i høve baklengssaltoar frå sofaen..


Dette er faktisk IKKJE ein mislukka dessert,
men eit eksperiment, eller demonstrasjon
om du vil. Heldigvis vart det ikkje askeskyer
av Islandske dimensjonar denne gongen.


Denne noko spesielle posituren sluttar ikkje
å fascinere meg.. Komfortfaktoren er tydelegvis
høg nok for Jonathan, og det er trass alt det viktigaste...


Det må vere noko gale med sofaen vår altså...


"WHAT!?"
"Du kan ikkje TVINGE meg til å sete mjukt og godt..!!"


Eg legg meg heller ikkje ut med skumle sjørøverar,
uansett kor sirumpa dei måtte vere..


Kveldsmat.
Hadde ikkje meir brød.


Farsdagspresang: Mp3-spelar.
Stolte gutar fekk rekkje over gåver
som dei ikkje hadde aning om kva det var,
til eit par bestefedre som ikkje hadde aning om kva det var...

Men det fann dei nok ut etterkvart!
Gutane altså..

3 kommentarer:

Per Oddvin Stornes sa...

Morosame bilde og morosam lesning!

Kai H sa...

Takk, trufaste lesar! ;)

Annemariebull sa...

Jeg plumpa innom bloggen deres ved en tilfeldighet. Men for en fin blogg! Og for en nyydelig familie! Hvis det kommer flere innlegg skal jeg så bli fast leser :)

Hilsen fra Anne Marie Bull (tidligere Frøysa) d:)->-<