lørdag, oktober 09, 2010

Bergenstur!




Etter å ha venta heile ferien var det endelig tid for
tur til Bergen. Med store forventningar til helga la vi ut
på biltur, og alle hjerter fryda seg og gledde seg stort til
å få besøke onkel Frode m/fam, samt tante Stine og Raymond.
At vi rakk å besøke pappas onkel Knut Helge m/fam
var sjølvsagt også ein kjempebonus! :)


Vi hadde oss ein pitstop på Sandane, med litt posering ved ein kano.




God stemning!


Vi kunne sjølvsagt ikkje raste på Sandane utan å ringe pappas tante Mariann,
og det klaffa so bra at ho kom rett bort til kanoen og inviterte oss like godt
heim til Leirbrekka for ein heller bedre lunsj.


Benjamin henta seg leiker i hytta og var klar for å henge i hagen ei stund.


Det skulle ikkje stå på servicen, og både is og kaffi
kom raskt på plass!


Det var jo populært som vanleg:)


Det vart ein veldig koselig pause i den lange bilturen,
vi fekk også servert ei fiskehistorie samt ei lita omvisning
i snikkarboden og garasja med den tøffe motorsykkelen.



Vel framme på Sotra var Jonathan heilt klar for å hoppe rett til køys.
Dette var dessverre Benjamin si køy.


Tante Stine var raskt på plass og assisterte med legginga.


Forklaringa på korleis tante Stine kunne vere so raskt på pletten
er enklare en ein skulle tru. Dette er utsikta frå onkel Frode si
terrasse; rett bort på Bildøy og huset der Stine bur.


Onkel Frode skal "vise" Benjamin kor flink han er til å
få helikopteret til å flyge.


Varte ikkje lenge den Clahs Olsson-bygde leika...


Jonathan ser sitt snitt til å stikke av medan tante er oppteken.


Listar seg forsiktig av garde, noko skeptisk til om han har nokon i hælane?


Vi var i fjøra og fann blant anna tare.


Pappa var den tøffaste av alle, og testa badeforholda.


Margrete vart også tøff i onkel Kai Henrik sine Ray-Bans;)


Jammen hadde ikkje dei mannevonde gjess på Sotra og...


Den store grana var so fascinerande at eg berre måtte ha den med...
Kjende det kribla i motorsagmusklane.


Onkel Frode vs Grill.
Heldigvis vann førstnemde...


Benjamin viser kven som er sterkast!


Båttur vart det også! Jonathan var ikkje heilt sikker på om
det var trygt at Benjamin var skipper då..


Såpebobler er ei sikker vinnar.


Tante Stine ryddar i hagen.


Denne leiken heiter "Om å gjere å ikkje kjørkne".
Begge vann!


Jonathan tykte pingvinane var morosame dyr.
Tante Stine var meir skeptisk, naturlig nok.
(Ho trur dei et fingrar til frokost...)



Redda i siste liten!
Kven veit kva slags skumle amfibier som lurer i djupet!


Fryktlause onkel Frode plukka opp ei KRABBE!


Men igjen vart det klart kven som var tøffast i gjengen.


Tante Stine kjende seg tryggare med mating av fiskar.


Nemo var der og!


Nærkontakt med ein av dei snille pingvinane.


Onkel Knut Helge og tante Monica diska opp med saft, bollar og muffins.


Jonathan fann seg raskt til rette i sandkassa!


Etter ein liten leiteaksjon fann vi Benjamin inne på leikerommet.
Der var mykje kjekke bilar!



Litt posering tok vi oss tida til, før vi knerta dei siste muffinsane og la på heimveg.

Takk til alle som gjorde langhelga i Bergen til ei hyggeleg oppleving!



PS: Eg hadde visst ikkje bilete av tante Agnete,
som egna seg på trykk hvertfall...
Det KAN ha noko med å gjere at ho stort sett var på kjøkenet
og laga mat til oss eller i vaskekjellaren og vaska kleda våre;)




Ingen kommentarer: