tirsdag, oktober 05, 2010

Besøk på Emanuel

Vi tok turen ut på Vigra og besøkte Randi og Svein Helge på gården deira.
Der har dei myyykje kjekt for eit par smågutar!
Traktorar, lastebilar, gravemaskiner og andre kjekke ting på hjul,
og ikkje minst ein heil masse koselige dyr!

Gråtassen var ein sjølvsagt første plass å sjekke ut.


Benjamin tok med seg Svein på opptil fleire runder rundt på gardsplassen.


Svein fekk også styre, litt...


Heilt utruleg kor kjekt det kan vere med traktor!


Lamagjengen hadde tungt vakthald, men Svein Helge
tok effektivt grep i den mannevonde vèren
og sørga for at det var mogleg å komme inn og helse på
dei langhalsa dyra. Det gjekk roleg føre seg
og ingen hverken spytta eller stanga.


Randi og Lisa, på feil side av det elektriske gjerdet!
Men dei vennlege islandshestane tok livet med ro og
syntes det var berre kjekt å få besøk.


Jonathan likte godt gakk-gakkane.
Lisa også ser det ut til.


Denne ATV'en skulle gjerne gutane hatt start på..


Esel er eit bråkete dyr, når det først set igong...!


Det var to sletne gutar som slokna i bilen på veg heim.


Det tok vi berre som eit sikkert signal
på at dei hadde kosa seg:)

Det som er heilt sikkert er vel at
det ikkje var siste turen på besøk til Randi og Svein Helge;)
Takk for gode kanelsnurrar også forresten!

Ingen kommentarer: