lørdag, oktober 09, 2010

Bergenstur!




Etter å ha venta heile ferien var det endelig tid for
tur til Bergen. Med store forventningar til helga la vi ut
på biltur, og alle hjerter fryda seg og gledde seg stort til
å få besøke onkel Frode m/fam, samt tante Stine og Raymond.
At vi rakk å besøke pappas onkel Knut Helge m/fam
var sjølvsagt også ein kjempebonus! :)


Vi hadde oss ein pitstop på Sandane, med litt posering ved ein kano.




God stemning!


Vi kunne sjølvsagt ikkje raste på Sandane utan å ringe pappas tante Mariann,
og det klaffa so bra at ho kom rett bort til kanoen og inviterte oss like godt
heim til Leirbrekka for ein heller bedre lunsj.


Benjamin henta seg leiker i hytta og var klar for å henge i hagen ei stund.


Det skulle ikkje stå på servicen, og både is og kaffi
kom raskt på plass!


Det var jo populært som vanleg:)


Det vart ein veldig koselig pause i den lange bilturen,
vi fekk også servert ei fiskehistorie samt ei lita omvisning
i snikkarboden og garasja med den tøffe motorsykkelen.



Vel framme på Sotra var Jonathan heilt klar for å hoppe rett til køys.
Dette var dessverre Benjamin si køy.


Tante Stine var raskt på plass og assisterte med legginga.


Forklaringa på korleis tante Stine kunne vere so raskt på pletten
er enklare en ein skulle tru. Dette er utsikta frå onkel Frode si
terrasse; rett bort på Bildøy og huset der Stine bur.


Onkel Frode skal "vise" Benjamin kor flink han er til å
få helikopteret til å flyge.


Varte ikkje lenge den Clahs Olsson-bygde leika...


Jonathan ser sitt snitt til å stikke av medan tante er oppteken.


Listar seg forsiktig av garde, noko skeptisk til om han har nokon i hælane?


Vi var i fjøra og fann blant anna tare.


Pappa var den tøffaste av alle, og testa badeforholda.


Margrete vart også tøff i onkel Kai Henrik sine Ray-Bans;)


Jammen hadde ikkje dei mannevonde gjess på Sotra og...


Den store grana var so fascinerande at eg berre måtte ha den med...
Kjende det kribla i motorsagmusklane.


Onkel Frode vs Grill.
Heldigvis vann førstnemde...


Benjamin viser kven som er sterkast!


Båttur vart det også! Jonathan var ikkje heilt sikker på om
det var trygt at Benjamin var skipper då..


Såpebobler er ei sikker vinnar.


Tante Stine ryddar i hagen.


Denne leiken heiter "Om å gjere å ikkje kjørkne".
Begge vann!


Jonathan tykte pingvinane var morosame dyr.
Tante Stine var meir skeptisk, naturlig nok.
(Ho trur dei et fingrar til frokost...)



Redda i siste liten!
Kven veit kva slags skumle amfibier som lurer i djupet!


Fryktlause onkel Frode plukka opp ei KRABBE!


Men igjen vart det klart kven som var tøffast i gjengen.


Tante Stine kjende seg tryggare med mating av fiskar.


Nemo var der og!


Nærkontakt med ein av dei snille pingvinane.


Onkel Knut Helge og tante Monica diska opp med saft, bollar og muffins.


Jonathan fann seg raskt til rette i sandkassa!


Etter ein liten leiteaksjon fann vi Benjamin inne på leikerommet.
Der var mykje kjekke bilar!



Litt posering tok vi oss tida til, før vi knerta dei siste muffinsane og la på heimveg.

Takk til alle som gjorde langhelga i Bergen til ei hyggeleg oppleving!



PS: Eg hadde visst ikkje bilete av tante Agnete,
som egna seg på trykk hvertfall...
Det KAN ha noko med å gjere at ho stort sett var på kjøkenet
og laga mat til oss eller i vaskekjellaren og vaska kleda våre;)




tirsdag, oktober 05, 2010

Besøk på Emanuel

Vi tok turen ut på Vigra og besøkte Randi og Svein Helge på gården deira.
Der har dei myyykje kjekt for eit par smågutar!
Traktorar, lastebilar, gravemaskiner og andre kjekke ting på hjul,
og ikkje minst ein heil masse koselige dyr!

Gråtassen var ein sjølvsagt første plass å sjekke ut.


Benjamin tok med seg Svein på opptil fleire runder rundt på gardsplassen.


Svein fekk også styre, litt...


Heilt utruleg kor kjekt det kan vere med traktor!


Lamagjengen hadde tungt vakthald, men Svein Helge
tok effektivt grep i den mannevonde vèren
og sørga for at det var mogleg å komme inn og helse på
dei langhalsa dyra. Det gjekk roleg føre seg
og ingen hverken spytta eller stanga.


Randi og Lisa, på feil side av det elektriske gjerdet!
Men dei vennlege islandshestane tok livet med ro og
syntes det var berre kjekt å få besøk.


Jonathan likte godt gakk-gakkane.
Lisa også ser det ut til.


Denne ATV'en skulle gjerne gutane hatt start på..


Esel er eit bråkete dyr, når det først set igong...!


Det var to sletne gutar som slokna i bilen på veg heim.


Det tok vi berre som eit sikkert signal
på at dei hadde kosa seg:)

Det som er heilt sikkert er vel at
det ikkje var siste turen på besøk til Randi og Svein Helge;)
Takk for gode kanelsnurrar også forresten!

søndag, oktober 03, 2010

Det gjeng mot haust...


T-skjortedagane er snart over for i år, men her på bloggen har eg ikkje
fått frå meg alle solskinsbileta enno..

Inspirert av Sommerfesten sine t-skjorter kom eg til at
denne berre måtte lagast!


Utan at dette brått skal verte ein mote-blogg med fokus på klede,
so fortener vel også denne flotte bodyen litt merksemd.


Good times!
Det vart ikkje like mange actiondagar i Sandvika som i fjor,
men vi nytte dei dagane vi fekk til det fulle!


Herlege Sandvika:)


Afterswim på terrassen.


Ikkje noko nytt eller uvanleg syn dette,
svært populær grasklippar!


Storeguten baki hengaren fekk også grene seg til ei runde på garden!


Av mangel på polakkar fekk farfar leigd inn arbeidskraft
frå litt lengre nede i byggjefeltet.
Verneutstyr og verktøy er som vanleg på plass!


Lønn som fortjent kom i form av softis!


Jonathan har bestemt seg, her skal det syklast!
Ikkje heilt fortruleg med gniksklumpen på hovudet enno då...


Ein optimistisk syklist på veg opp Leitebakk-bratta.


Hjortejakta er som kjent godt i gong.
Benjamin finjusterer siktet.


Ein sprek gjeng har baksa seg opp på Egga ein fineversdag.


Bilmekanikerane Pompel&Pilt slår til igjen.
Denne gongen er det badet som fungerar som verkstad.


Samarbeidet går strålande, og bilen er EU-godkjend på kun kort tid!


Fokuset på verneutstyr er fascinerande høgt.


Jonathan har funne kosekroken.
Kanskje ikkje det mest naturlege valget,
men fyren må jo få lov å bestemme litt sjølv.


Laurdag på butikken.
Love Hearts er favoritten!


Det gjeng ofte høgtlytt føre seg i heimen.
Det vert ikkje mindre bråk når hørselverna kjem på...


HMS, kva er det??
"Er det her du e låke pappa?"


Onkel Frode er sterk.


Kjempesterk!


Benjamin sette Peppes-servitøren på alvorleg prøve,
og bestilte Cola med 14 sugerør.
Fleire bilete frå Bergensturen kjem, ha tålmod med meg;)


Mamma og pappa fekk seg ein tur til Budapest,
då jobben feira 50-års jubileum i haust.
Ei smått absurd oppleving å brått vere aleine uten ungar ei langhelg,
men vi nytte det for det det var verdt.
Rykta fortel at det gjekk hardt utover visse besteforeldre,
som tydelegvis hadde gløymt korleis det var å ha småtroll i hus;)