tirsdag, april 05, 2011

Til Heiagjengen! :)

Som mange veit, so har eg gyldig grunn til bloggtørke den siste tida...
Eg vil nytte høvet til å seie tusen tusen takk til alle som tar oss med
i omtanke og bøn, det er overveldande å høyre om alle som helsar,
og ikkje minst merke støtta via facebook, epost og meldingar!

Vi er veldig takknemlige for å ha ein slik "heiagjeng",
det hjelper absolutt på oppi heile situasjonen! :)



Etter vel 4 tøffe veker på sjukehus i Molde og Trondheim,
var eg endelig frisk og stabil nok til å overførast til
Sunnaas Rehabiliteringssjukehus på Nesodden i Oslo.
Vi er så heldige at Lisa og ungane får disponere gratis leilighet rett ved sjukehuset,
der dei får bo på førebels ubestemt tid.
Dette biletet tok vi når eg fekk besøk av gutta boys for første gong
på ca ein månad, det vart ein smule tårevått, kan en vel seie;)


Her er eg godt stroppa fast og oppe i "ståande" stilling
for første gong sidan eg vart innlagt.

Kvar dag er eit lite hakk betre enn den førre, med tanke på
minkande smerte og aukande styrke og rekkevidde.
Eg har komt til ein veldig bra plass, der kompetanse
og opplegg gir meg den tryggleikskjensla som eg treng
for å kjøre på og ta nye utfordringar.

Igjen, tusen takk til alle dykk som bidreg til motivasjon og
inspirasjon, det kjem godt med i tillegg til mi eiga innsatsvilje;)

Håper eg kan vere tilbake og blogge om kvardagslivet heime
på Godøya om ikkje so altfor lenge!!

klem frå oss so lenge <3

4 kommentarer:

Kay Amund sa...

Godt å høre at det gjenge framover!
Stå på!

:)

Sølvi H sa...

Det va nauta godt å sjå dej Kai Henrik. Godt at du får hjelp

Unknown sa...

Godt med eit blogginnlegg igjen Kai Henrik, og det e godt å sjå at det gjeng framover. Synst du e veldig veldig flink. Klem

Lisa Mari sa...

Ønska dej all mulig av lykke å gler oss til å sjå framgangen din. Stå på å bruk tida til å å jobbe dej godt opp. Hilsen familien Helle