mandag, juli 11, 2011

Sunnaas-livet

Dei første 4 vekene av mitt opphald på Sunnaas var eg so heldig å ha selskap av dei tre viktigaste personane i mi rehabiliteringsfase nr 1.
Pluss eit par gakk-gakk-ar.

I tillegg til andedammen (som dessverre også var full av daude "gullfiskar"...), so var barnehagen i nabolaget ein kjærkomen leikeplass.

Gutane fekk vere med på treningskjøkkenet, der vi laga brownies til den store gullmedalje!

"VENT, eg var ikkje klar for bilete, og forresten so prøver vi å skjule bevisa her..."

Fellesarealet på avdelinga var heller ikkje keisam,
i alle høve ikkje når desse to krabatane var på besøk.

Jonathan var rask opp i rullestolen og gjorde gangane utrygge.


Benjamin gjorde det han kunne for å stogge lillebror.

Men trass aldersforskjellen var det klart at ungdommen var raskast.

Munnen full av kjeks er visstnok eit bra triks når ein skal køyre fort.

Nede i portnerboligen budde solstrålane, og her fekk vi dele mange måltid saman.


Tante Stine var innom nokre dagar, og Benjamin fekk vise ho eit par triks med salat.

Kanskje litt i overkant mykje av det gode?

Den elektriske rullestolen kom meget godt med, særskilt når heile kostebinderiet var på tur.

Etter ein månad på "ferie" var det på tide å pakke saman.

Mi kjære kone, som har fått kjenne på kroppen at vi for snart seks år sidan gav kvarandre handa på "Gode og onde dagar".

Ein siste solnedgang fekk vi nyte saman før dei reiste heim til øya med endå betre utsikt.

Sjukepleiarane prøvde å trøyste meg med koselig frukost på senga.

Steinar prøvde å trøyste meg med ein klem og god stemning.


Heldigvis fekk eg løyve til å reise på tur til Bergen, for å vere med i bryllupsfeiringa til mi kjære søster. Her har vi ein som er ferdigdusja og klar for fest!


Onkel Frode assisterte når vi skulle i kirka med rullestol.

Det var to flotte gutar som oppførte seg eksemplarisk under den kjensleladde vigsla.

Entreen var upåklageleg.
Kanskje vart det litt mykje merksemd der vi trilla inn i fullsett kyrkje,
men kjekt var det uansett!


Kjekt å få sete på pappas fang, sjølv om vekta av ein to-åring kjendest ut som ti to-åringar.


Heime hjå onkel og tante på Sotra fekk vi også mykje god mat.


Det var tre festemte smårollingar som ladda opp til 17-mai-feiring.
"FLAGG TAKK!!"

Tre feststemte storrollingar.


Benjamin og ei nygift tante Stine Mari Brynestad Våge storkosa seg.


Veit ikkje kva som var artigast, men farfar prøvde heilhjarta å konkurrere med ballongen.


Familien Glum 1 & 2. Hipp hipp hipp!


Korpset var totalt avverande i regnveret, men ein lokal rånar smelte til med "Absolute Nasjonalsang 2011" og leia toget trygt fram i det tradisjonelle Bergensveret.



"Vi bles i heile greia" sa Benjamin.


So drog vi heller heim til casa de la Aase og åt ein heller betre middag.


Det vart god stemning i sofaen.


Særskilt med selskap av IKEA-bamsar i form av ein stk elefant og ein stk koserotte..



Laidback stemning også i godstolane.



Ikkje fullt so laidback heile tida då...



I heilt feil rekkefølgje, men eg orka ikkje stokke meir om på bileta dessverre;
Utsikta frå verandaen til Raymond sine foreldre. Raymond som i min nybakte svoger ja.
Her hadde vi frokost-kaffi-kalas dagen etter bryllupet.
Heilt ok strøk dette, forsovidt.

Mi farmor Helene Brynestad, saman med dei to fjøsnissane som nettopp har gifta seg.

Lisa fann ein kylling under sofaen.


Benjamin tykte sæskilt godt om dei søte små dyre
som den store helten Steinar hadde i samlinga si.
Eg tykte særskilt godt om å nettopp ha sikra den nittande -19- PL-tittelen.
BURN onkel KHB!
Lisa fekk panikk. Ingen skjønte kvifor.


Kanskje denne flokken av ulver og mynder gjorde susen?


Det vart overvekt av pels på verandaen. Mor lurer på om dei er svoltne.


Jonathan sikra seg eit trofé.


Ekskursjonen til Bergen tok slutt, og min assistent
Bjørn Ove måtte troppe opp og hente meg på flytoget.

Vel tilbake i den trygge Sunnaas-sfæra fann eg ut at det gjeng fint an å drive med downhill-sykling sjølv om ein har diverse lammelsar.



Eg fann også ut at det fort kan snu seg i Millionær,
sjølv om ein sit på dei fleste hus og hotell, so kan dei alltids brenne ned til grunnen...



Playstation Move; the handicap edition.

Xbox Kinext; the handicap edition.



Eg runder av med ei trist historie, eg må få lov å syte litt:
Eg har vore so heldig å bli kjent med ein som heiter Atle, som var keyboardist i Dum Dum Boys i 18 år. Han er gift med kusina til Ole Gunnar Solskjær, og hadde fiksa ein fantastisk deal. Vi skulle nemlig på Vålerenga-Molde, og får treffe OGS etter kampen! Ein draum skulle oppfyllast!
Sjølvsagt måtte det verte streik akkuratfør denne kampen, slik at den vart utsett og dermed gjekk draumen i knas....
Buhu.

Vel vel, eg får berre ta turen til Molde sjukehus og tante Eikrem (lang historie),
og sjå om ho held ord;)






1 kommentar:

Randi:) sa...

Hei Kai Henrik ! :) Ej flira mej i HÆL ta kommentarane dine her ! :D Kjempekoselige bilde. Både flira og grine :) Klems frå Randi :)