tirsdag, juli 12, 2011

Jonathan 2 år!

No har storebror Benjamin fora opp lillebror i heile 2 år,
og det vart endeleg tid for eit lite bursdagaskalas!


Det var ein strålande nøgde kar som absolutt var klar over
kven det var sin tur å feire fødselsdag:)


Tante Agnete baka sjokoladekake til minstemann,
og spesialbestilt Dronning Maud fromasj!:D

Med stor iver og glødande entusiasme vart innpakningspapiret
reve i fillebitar. Ein minst like spent storebror følgde med.

Kvar einaste gåve vart sett umåteleg stor pris på,
og vi gleda oss stort saman med dagens hovudperson.


Kjempesvært å få "TRUUUSE".

Playmobil dumpers og gravemaskin var også veldig poppis.


Men det spørs om mormor og morfar traff blink med denne
doningen av ein bossbil.


Jonathan og Margrete delar ostepop.

Tante Annalena måtte assistere når niesa også var heldig og fekk gåve.

Alle borna leika seg fint saman på golvet.


Unntatt dei store borna, og eit par bergenserar som ikkje fekk nok
av den fantastiske utsikta på terrassen vår.


Benjamin fekk også noko å tuske med, og ein minst like stolt pappa
assisterte stort sett med å bla i instruksjonane.

Takk til alle for ein flott dag.

Ingen kommentarer: